torsdag 3. mars 2011

Dødslekene

Vanlegvis er eg ikkje så flink til å lese bøker som blir kalla ungdomsbøker. Grunnen er vel at det er så skrekkeleg mange andre bøker eg heller vil lesa og difor prioriterer det ikkje. Litt dumt, for i jobbsamanheng er det absolutt greitt å ha lese litt av alt det nye eg kjøper inn til biblioteket.
Sist veke tok eg meg endeleg saman og sette i gang med "Dødslekene" av Suzanne Collins. Det var så spanande at eg hadde problem med å legga boka i frå meg. Det gjekk fort å lesa, relativt stor skrift og lett språk, men samstundes så pass mykje informasjon på kvar linje at min "skummeteknikk" ikkje kunne brukast like flittig overalt. Eg vart imponert over den verda forfattaren klarer å framstilla, og ikkje minst korleis ho klarer å halda spenninga oppe gjennom heile historien. Rimeleg forutsigbart med ein tilsynelatande lukkeleg slutt, men absolutt så bra at eg vurderer å lesa nr. 2 og 3 i same serie.
Så no må eg setje i gang med fleire ungdsombøker!

fredag 5. desember 2008

Nesten evig

Boka handler om ei kvinne som rett og slett tek livet av si eiga mor. Først framstiller ho mora som omtrent eit uhyre, etterkvart innser ein jo at mora har vore psykisk sjuk heile livet. Alice Sebold tek føre seg rimeleg sære emne. Den første boka eg las av henne, Alle mine kjære, handla om ei tenåringsjente som blir valdteken og drepen, men som så observerer kva som skjer med familien og gjerningsmannen etter at ho er død. I denne boka er det altså ei middelaldrande kvinne som drep si eiga mor, har eit seksuelt forhold til besteveninna sin son og får hjelp til å skjula brotsverket av eksmannen sin. Ei annleis bok, men samstundes ei bok som gjer eit spanande innblikk i ei heilt anna verd.

torsdag 20. november 2008

Hvit tiger

Hvit tiger av Aravind Adiga kom eg tilfeldigvis over på Time bibliotek her om dagen. Eg visste ingenting om boka, men kom over ei bokmelding i Stavanger Aftenblad kort tid etter at eg hadde kome i gang med lesinga.
Boka handler om Balram Halwai, ein indisk gründer, som skriv brev til den kinesiske stasministeren for å fortelje han korleis det indiske samfunnet er "på skikkeleg". Den kinesiske statsministeren skal nemleg til India på statsbesøk, og Balram tviler på at han vil få sjå det verkelege India.
På same måte som Rohinton Mistry si bok Balansekunst, er det ikkje noko glansbildeversjon av India og det indiske samfunnet ein blir presentert for. Det er vanskeleg å vite om ein skal le eller grine av det Balram fortel - det er både tragisk og grusomt når han fortel om oppveksten sin i "Mørket", korleis han blir sjåfør for ein rik mann, korleis han blir mordar og korleis han kjem seg opp og fram i verda som gründar.

onsdag 13. februar 2008

Første innlegg

Så var det tid for første innlegg...Sidan eg aldri har blogga før, kjennest det litt rart og småskummelt ut. Veit ikkje heilt om eg har tenkt så mykje over kva eg skal skriva her på bloggen, men det er jo slike litteraturbloggar som inspirert meg til å oppretta min eigen blogg så ein del tankar kring bøker eg les blir det nok.
Akkurat no har eg lese Carl Frode Tiller si nyaste bok "Innsirkling" som eg for så vidt likte, i alle fall dei to første delane. Siste delen var ikkje det heilt store og trakk ned boka.
Sidan eg og likar krim, sette eg med ned med Camilla Läckberg si nyaste bok "Tyskerungen". Litt svak start, men absolutt lesverdig etter kvart.
Sjå det, der har eg jammen meg ta klart å produsera nokre linjer!